Bilde av mange fargerike ballonger

Eitt år er gått!

Kjære lesar,

Tysdag 29. oktober er det eitt år sidan den offisielle opninga av Nasjonal kompetanseteneste for barn og unge med funksjonsnedsettingar fann stad i Valnesfjord.

Startskotet for tenesta var i januar 2012, men opningsdagen med feiring i lag med tilreisande gjestar og vennar passar aller best som ”fødselsdagen” til tenesta. Til stades var nesten hundre gjestar, og store delar av landet var representert som deltakarar i ein seremoni med faglege innslag, hyggjelege helsingar, og faglege diskusjonar om fagfeltet sine utfordringar.

 Vi gjorde også intervju med nokre av gjestane ”backstage”, der vi stilte spørsmål om kvifor det er behov for ei slik kompetanseteneste. Vi har hittil ikkje vist fram desse intervjua til andre, og synest derfor det no,  ved eittårsjubileumet for opninga, kunne passe veldig godt å lytte til kva dei hadde å seie til spørsmålet.

Eg opplever at desse representantane, ressurspersonar for fagfeltet frå kvar sin ståstad, samla gir ei god oppsummering av nokre av dei viktigaste oppgåvene vi har som nasjonal kompetanseteneste. Det er også ei nyttig påminning om den samansette rolla vi skal ha og kursen vi skal halde framover. Dei framhevar dette:

  • Behov for å samle forskings- og utviklingsarbeid: Kompetansetenesta skal styrke eit kunnskapssvakt område, og det er då viktig å framskaffe samla og lett tilgjengeleg oversikt over eksisterande forsking, utviklingsarbeid, undervisningstilbod med meir.
     
  • Synleggjere at det er eit prioritert fagområde: Oppretting av ei nasjonal kompetanseteneste er i seg sjølv eit uttrykk for at ein vil gjere eit fagområde ein sterkare og meir synleg posisjon innan spesialisthelsetenesta.
     
  • Vere ei ”handbok” ogr oppslagskjelde: Det er behov for at born og unge sjølv kan søkje kunnskap og informasjon, som kan betre muligheitene for å delta i aktivitetar og sosiale fellesskap på linje med andre.
     
  • Gje forståing for utfordringane: For at ein skal kunne identifisere løysingar, er det viktig å skape forståing for kva utfordringane består i.
     
  • Pådrivar nasjonalt og regionalt: Ei rolle som nasjonal kompetanseteneste inneber ikkje at ein skal gjennomføre alt det er behov for, men (også) bidra til at andre ressursar og miljø rundt om i landet skal arbeide mot same mål.

Vi som til dagleg jobbar i kompetansetenesta opplever at skuta har hatt fin framdrift, og at kursen peikar i riktig retning. Vi håpar også de andre har ei tilsvarande erfaring. Tilbakemeldinga på årsrapporten for 2012 er positiv, og tydar såleis også på det. Vi set stor pris på alle tilbakemeldingar vi kan få, så ei oppfordring frå oss på eittårsdagen kan vere nettopp dette: Ha forventningar til oss, still krav, og meld frå til oss korleis de synest vi innfrir desse.   

Det er like vel eit stort stykke viktig arbeid som står igjen, og fire-fem år (som er antatt tid før hovudevaluering) kan virke som ei svært kort tid. Men samstundes som vi opplever at vi har eit stort arbeidsområde og mange viktige oppgåver foran oss, er det viktig å ha tilstrekkjeleg tolmod.

Det er også vårt ansvar å bruke kunnskapen vår om fagfeltet til å seie noko, til andre og til oss sjølv, om kva som er realistisk framdrift. Kjennskap til eit fagfelt gir også gradvis betre kunnskap og grunnlag for å seie noko om kor raskt ein kan utvikle kunnskapen. Det er også ei viktig side ved fagutvikling.

Tekst: Trond Bliksvær, leder Nasjonal kompetansetjeneste for barn og unge med funksjonsnedsettelser