Kunnskapsoppsummering

Opne spørsmål gir meir sannferdige svar

Når barn får opne spørsmål i strukturerte samtalar, gir dei meir sannferdige svar enn når spørsmåla blir stilt på ein meir lukka måte. Det viser ei kunnskapsoppsummering frå Folkehelseinstituttet.

Dette er et utdrag av en artikkel publisert av Folkehelseinstituttet


Omslagsbilde til rapporten Systematisk oversikt  - Korrekthet i svar på åpne spørsmål i strukturerte samtaler med barn Om førskulelærarar eller andre tilsette med ansvar for barn mistenker misbruk, forsømming eller psykososiale problem, kan det vere nødvendig å stille spørsmål til barna. Men det er ikkje nokon garanti for at dei svara barna gir, er sannferdige. Til dømes kan måten vaksne stiller spørsmåla på, påverke barna sin hukommelse og auke risikoen for at barnet ikkje gir sannferdige svar.

Mange retningslinjer og rettleiarar handlar om korleis vaksne kan fange opp og handtere problem hos barn og unge. Dei fleste retningslinjer og rettleiarar oppfordrar vaksne til å gjennomføre strukturerte samtalar med barnet. I samtalen bør ein bruke opne spørsmål, som til dømes «Kan du fortelje meg kva du hugsar frå denne dagen?»

Forskarar ved Folkehelseinstituttet gjorde ei kunnskapsoppsummering som vurderte om opne spørsmål gir meir sannferdig informasjon enn meir lukka spørsmål.


Kilde

Les hele artikkelen om at åpne spørsmål gir mer sannferdige svar på Folkehelseinstituttet.no.

Klikk her for å laste ned rapporten "Korrekthet i svar på åpne spørsmål i strukturerte samtaler med barn: en systematisk oversikt".